Gisèle Pelicot vekte oppsikt då ho opna dørene til rettssaka mot eksmannen Dominique Pelicot, som hadde dopa og valdtatt ho i ei årrekke.
Rettssaka sette søkelys på tematikken verda over.
– Neddoping for å gjennomføre seksuelle overgrep skjer når rusmiddel eller alkohol blir tatt i bruk for å gjere eit anna individ ute av stand til å samtykke, skriv Europol på sine nettsider.
– Slike overgrep skjer ofte over lenger periodar, nokon gonger til og med år, og blir vanlegvis gjort av personar som utnyttar ein profesjonell autoritet eller tillitsposisjon, held dei fram.
Partnarar og familiemedlemmar er vanlege offer for slike overgrep, ettersom gjerningspersonen har enkel tilgang til offeret, ifølge Europol.
Nettforum for overgriparar
Dei siste åra har etterforskarar i Europol oppdaga ei rekke nettsamfunn der overgriparar kommuniserer gjennom krypterte meldingstenester.
Europol har funne ut at overgriparar på nettforuma utvekslar:
- Bilete- og videomateriale av overgrep.
- Erfaringar og teknikkar for gjennomføring av neddoping og overgrep.
- Tilrettelegging for kjøp og ulovleg sal av medisinar og narkotika.
- Metodar for bruk av medisinar og narkotika.
- Planlegging av lovbrot, og tilrettelegging for at andre gruppemedlemmar kan utføre overgrep mot andre medlemmar sine partnarar.
- Stadfesting av valdshandlingane og spreiing av kvinnefiendtlege narrativ.
Slike nettsamfunn bidrar til å normalisere overgrep med neddoping, og promoterer ekstreme idear om maskulinitet og hat mot kvinner, ifølge Europol.
Metoden overgriparane bruker gjer det vanskeleg å oppdage overgrepa, noko som gjer at handlingane kan gå føre seg over lang tid.
– Offera, nesten utelukkande kvinner, blir ofte bedøvd av nære eller intime partnarar ved bruk av ulike stoff, skriv Europol.
I tillegg har mange av overgriparane enkel eller uavgrensa tilgang til offera sine heimar og soverom, ettersom dei typisk er vedkommande sin partnar.
Oppsiktsvekkande emneknaggar
CNN avdekka i april at mange av samtalane mellom overgriparar går føre seg på blant anna pornonettsider og i gruppechattar på krypterte meldingstenester.
Etter CNN si avsløring, har fleire av gruppechattane og nettsidene blitt tatt ned. Ei av dei var gruppechatten «Zzz» på Telegram.
Også pornonettsida «Motherless» blei i mai tatt ned av nederlandske myndigheiter, etter at CNN avslørte at nettsida blei knytt til kjønnsbasert vald og seksuelle overgrep med neddoping.
Ein av dei mest sette videoane på nettsida var tagga med #rape, #sister og #schoolgirl. I tillegg var det over 20.000 videoar som omhandla soving, kor dette innhaldet igjen var markert med taggar som #passedout og #eyecheck.
#EndEyeCheck
To overgrepsoffer har starta kampanjen #EndEyeCheck i arbeidet med å endre lovverket når det kjem til deling og sal av overgrepsmateriale på nett.
Kvinnene bak, Zoe Watts og Amanda Stanhope, er sjølv offer for neddoping og valdtekt av eigen partnar gjort over fleire år.
– Då eg rapporterte om dette verka det som om ingen brydde seg. Eg opplevde ingen støtte og isolerte meg sjølv, seier Stanhope i ein video på Instagram.
Kampanjen sitt mål er å lage eit nettverk for offer, og å gjennomføre undervisning og opplæring av ungdom og helsepersonell.
– Vi aksepterer ikkje dette meir. Det er vemmeleg, seier ho.
Begge kvinnene har takka Gisèle Pelicot, som gav dei mot til å stå fram med sine eigne historier.
– Orda dine vil frigjere deg
Tilbake i 2024 kom dommen i rettssaka som sjokkerte Frankrike.
Gisèle Pelicot (73) blei dopa ned og valdtatt rundt 200 gonger av hennar tidlegare ektemann, Dominique Pelicot, og fleire titals andre menn i perioden 2011 til 2020.
Eksmannen blei dømt til den strengaste straffa – 20 år i fengsel.
I tillegg blei 51 menn dømt for valdtekt og seksuelle overgrep med ei strafferamme på alt mellom tre og 15 år i fengsel.
Pelicot har fått mykje merksemd og støtte etter at ho valde å vere open om kven ho er og kva ho blei utsett for.
– Eg meiner at det er viktig å avdekke valden eg blei utsett for og giftig maskulinitet. Vi må avsløre det for å kunne motverke det, sa ho i eit NRK-intervju i juni.
For Pelicot har det viktig å vere open slik at andre kvinner kan få styrke og sjølvtillit til å snakke om eigne erfaringar.
– Dette er ikkje berre eit problem i Frankrike, det er eit universelt problem.
Les NRKs bokmeldar si vurdering av Pelicot si bok om overgrepa ho opplevde:
Ingen liknande saker i Noreg
Til no har det ikkje vore nokon liknande saker i Noreg.
– Det har ikkje vore etterforskingar eller straffesaker om dette temaet i Noreg, som Kripos kjenner til, skriv Lisa Sofie Blakstvedt Svelander, pressevakt i Kripos, i ein e-post til NRK.
Kripos har heller ingen kjennskap til nordmenn i nettsamfunn som delar informasjon om korleis å dope ned og valdta kvinner.
Europol har eit pågåande samarbeidsprosjekt med namn «Medusa», som har mål om å jobbe mot neddoping og seksuelle overgrep i parforhold.
Prosjektet har særleg fokus på informasjon som blir delt på internett.
– Noreg er ikkje ein del av dette prosjektet, men vi har generelt eit godt samarbeid med Europol og landa som er involvert, opplyser Svelander.
Prosjekt «Medusa»
Samarbeidsprosjektet «Medusa» blei sett i verk i april og er framleis pågåande.
Tyskland og Storbritannia leier prosjektet med hjelp frå Brasil, Canada, Frankrike, Ungarn, Nederland, Spania og USA.
Prosjektet har leia til 57 pågripingar. I tillegg har dei ivaretatt 158 offer og starta etterforsking av 113 saker.
Det har også blitt oppdaga fire nye kvinnefiendtlege nettsamfunn.
Gjennom prosjektet ønsker Europol å få fram at lovbrota ikkje er isolerte hendingar, men del av eit mønster av organisert åtferd.
Hei!
Takk for at du las saka!
Har du tankar om det du har lese, eller innspel til kva eg bør skrive om?
Send meg gjerne ein e-post!
Sentinel — Human
The text functions as a report synthesizing specific legal outcomes, digital evidence tracking, and survivor testimony related to sexual violence and substance abuse, layered with institutional findings from Europol.
