På Averøya høljar regnet ned, og fleire utanlandske fisketuristar ligg inne i fjorden og fiskar, i le for vinden.
At fire turistar som la ut på fisketur fredag føremiddag aldri kom tilbake, pregar heile miljøet. Politiet vurderer fortløpande om dei skal ta opp att søket etter dei omkomne. Berre ein av dei fire er så langt funnen.
Mario Uebe leiger ut leilegheiter og båtar på Averøya på tredje året. Han seier at ulykka har gått hardt inn på reiselivsnæringa. Dei fire turistane leigde ikkje båt hos han, men hos eit anna firma på øya.
– Det er veldig trist og det var ei sjokkerande melding å få, seier Uebe.
Alle får opplæring
Mario Uebe har besøk av turistar frå heile Europa som kjem for å fiske. Nokre har vore her i mange år, men likevel skal alle gå gjennom opplæring, ifylgje Uebe.
Han seier at tryggleik har høgste prioritet og at turistane blir tatt med på prøvetur på sjøen.
– Dei får ein gjennomgang, slik at dei veit korleis og kvar dei kan køyre. Og kva som skjer med båten dersom det kjem ei bølge, seier Uebe.
Skal finne ut om regelverket er godt nok
Sjøfartsdirektoratet har saman med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) fått i oppdrag frå regjeringa å finne ut om det må gjerast innstrammingar i regelverket for utleige av fritidsbåtar.
– Det har dessverre vore ein del ulykke knytt til utleige av fritidsbåtar, seier Dag Inge Aarhus, kommunikasjonsdirektør i Sjøfartsdirektoratet.
Aarhus seier at arbeidet så vidt er i gang, men at målet er klart.
– Vi har jo ein nullvisjon, ønsket er at alle som drar på sjøen skal komme trygt heim.
Elleve ulykker i utleigebåtar
Ifylgje Sjøfartsdirektoratet har 15 utanlandske fisketuristar omkome i elleve ulykker med utleigebåtar mellom 2017 og 2025.
Statens havarikommisjon har kome med fleire forslag til endringar i regelverket.
Dei vil mellom anna ha strengare krav til båtutleige, og at det bør vere sporingsutstyr i båten, slik at ein kan reagere raskt dersom noko skjer.
Trur vêret kan ha medverka
Tyske Dieter Hentschke kom til Averøya for to dagar sidan, men på grunn av det dårlege vêret har det blitt berre litt fisking.
– Fiske er ein hobby, men ein må passe på tryggleiken og etterkome reglane. At ein har på redningsvest og ikkje køyrer ut visst vêret er dårleg, seier Hentschke.
Han har sjølvsagt fått med seg ulykka på Averøya, og trur at vêret kan vere ei medverkande årsak.
Kan berre krevje redningsvest
Hos Mario Uebe på Averøya får turistane daglege rapportar om ver og vindforhold, men Uebe seier at han ikkje kan bestemme over dei som har leigd båtane, og om dei skal fylgje råda.
Det einaste han kan krevje er at dei brukar redningsvest. Han anbefaler også at dei køyrer ut i grupper på to båtar saman.
– Vi har ansvar for at dei har ein trygg båt, men alle som køyrer ut bestemmer til slutt kva dei gjer, seier Uebe.
