Kulene hagla i mørket medan 13 år gamle Sayed Kazemi sprang for livet. Forlaten av smuglarar i ein glovarm ørken, skulle ei flaske vatn bli redninga hans.
Adrenalinet pumpar. Sveittedropane renn frå panna.
Slaga er tunge og kraftige.
13 år er gått sidan den unge afghanaren i det stille forlèt veslebror med ein draum om ei betre framtid.
No står han ringside med nevane knytte.
Blikket skjuler ei skakande historie.
Men det handlar ikkje lenger om å overleve – slik det gjorde den ettermiddagen for 13 år sidan.
Det handlar om å nå draumen om å bli best.
Han har alt oppnådd det ingen andre har klart før han i den snart 100 år gamle historia til Raufoss bokseklubb.
Men så er det ingen før han som har hatt ein like tung bagasje med seg inn i Raufosshallen.
Ikkje meir skule
Zayed Kazemi blei fødd i landsbyen Jaghori – eit distrikt i Gazni-provinsen sentralt i Afghanistan hausten 2000.
Han mintest oppveksten som fin.
Han var ein av få som gjekk på vanleg skule og han lærte engelsk.
Men det skulle bli dramatisk verre. På 2010-talet festa Taliban grepet om makta i landet og i 2013 var det slutt på den vanlege skulegangen for Kazemi.
No var det forventa at han skulle forsvare religionen sin.
– Det er enten å bli barnesoldat og drepe andre, og det er noko absolutt eg ikkje kan gjere. Då vil eg heller døy.
Sayed Kazemi
Onkelen hans, som for mange år sidan rømte til Iran, får den unge guten til å forstå det blodige alvoret i heimlandet.
– Det er eingong sånn at når man er barn, så tenker du veldig ofte på akkurat der du er og korleis ting er der. Så eg hadde aldri sett for meg at det finst ein tryggare stad i verda.
Alle i Afghanistan var klare over at å krysse grensa til Iran var ulovleg.
– Omtrent kvar dag høyrer du på TV at det er folk som døyr på vegen dit.
Likevel bestemte han seg for å ta det umenneskelege valet.
Ville ikkje ha med eit barn
Den spinkle ungguten, som er blitt erklært underernært av ein internasjonal hjelpeorganisasjon, byrjar å trene.
Han har fått råd om han er i fysisk aktivitet er det lettare å ta til seg næring.
Det skal bli livsviktig.
Ein ettermiddag på seinsommaren opnar det seg ei luke saman med nokon eldre ungdommar.
– Dei seier at dei ikkje kan ta ansvaret for eit barn. For det første så har du ikkje psyken til å springe opp og ned fjellet, medan du blir skoten bakfrå, hugsar han dei sa til han.
Etter at onkelen i Iran kjem på bana får han godkjenning.
Det er han som har bidratt med pengar til første etappe.
Gøymde vassflaske
For å kome seg til Iran må flukta skje via Pakistan. Det er for farleg å krysse grensa frå Afghanistan.
Han kjem saman med rundt 45 andre flyktningar. Det er ei blanding av yngre til eldre som har vore med på same reise fleire gonger.
Han fortel om over 40 personar som står pressa saman som mursteinar bak på eit lasteplan i etappar som er like lange som frå Oslo til Namsos.
Det er lange vandringar gjennom ørkenområde til fots. På dagen kan sola få kvikksølvet til å krype langt over 40 grader. Om natta er det kuldegrader.
Alt Kazemi har med seg i sekken er ei ekstra bukse og ei T-skjorte.
Langt inne i det han kallar jungelen blir dei sett av. Smuglarane lovar å kome tilbake med mat og klede.
Det skjer ikkje.
Utan mat og knapt med vatn er det den sterkaste som overlever.
Eller den smartaste. For onkelen har gitt han eit klart råd;
«Ha alltid med deg to flasker vatn.»
Det skal bli mange dagar i ørkenen. Desperasjonen spreiar seg.
– Eg sa til gjengen eg skulle bort og pisse, og så gøymde eg den eine flaska.
Og den natta skjer det, ifølgje Kazemi. Uroa spreiar seg og hans sekk blir ransaka av dei andre.
– Sjølvsagt. Eg er jo den yngste der som har minst å stille opp med. Og dei finn vassflaska i sekken. Då er eg nesten på gråten. Eg skjønnar jo at dei tar den, for elles døyr dei sjølv.
Byrja å miste håpet
Den ekstra vassflaska han har gøymd kvelden før skal bli redninga hans.
– Den siste dagen hugsa eg vi gjekk rundt og fant planter vi kunne ete på. Alle hadde gått tom for vatn og mat. Det er veldig mange som går seg heilt bort i dei junglane der.
Smuglarane kjem etter kvart tilbake og dei får mat og drikke. Eller det vil sei dei får mogelegheit til å kjøpe.
Tenåringen hadde med seg orda onkelen hadde gitt han før han la ut på reisa.
– Det var faktisk mange netter, mange dagar, kor eg tenkte: Er det vits i dette her?
– Den setninga brukte eg å sei til meg sjølv. Det var kanskje ein av dei tinga som gjorde at eg faktisk overlevde turen.
Etter vel tre og ei halv veke har rådet onkelen gav han, før han la ut på flukt, ført dei to saman igjen i den iranske hovudstaden.
Sprang frå politiet
I tre månader bur han hjå onkelen og arbeider med han på ein plastfabrikk. Men gleda over å ha overlevd er kortvarig.
– Risikoen er så ekstremt høg for at eg kan bli tatt! Eg kan bli tatt i morgon! Eg kan bli tatt når som helst og sendt tilbake!
Afghanarar får ikkje opphaldsløyve i Iran. Blir dei oppdaga ventar brutale sanksjonar og deportasjon.
Men det finst eit alternativ.
– Det kostar litt, men det var overkommeleg for onkelen min på den tida. Han hadde ikkje så mykje pengar, men han har eit stort hjarte.
«Om du er villig til å ta ein stor sjanse i livet ditt igjen, så tar du reisa til Tyrkia», var orda frå onkelen.
– Så eg bestemmer meg: Det er anten å få eit bra liv eller å døy av og prøve på det. Du veit; nokon gonger kjem ein til eit punkt i livet kor du ikkje har så mykje å tape.
Det er berre ei utfordring.
Flukta frå Iran til Tyrkia er om mogeleg farlegare enn å ta seg frå Afghanistan til Iran.
Den einaste måten for å kome seg dit er å krysse eit fjell. Når du toppen er du trygg og framme i Tyrkia.
Blir du tatt av politi før du når toppen, blir du arrestert og sendt tilbake til Afghanistan.
Eller i verste fall skoten.
Det er ikkje vanskeleg å få tak i smuglarar. Etter to døgn er Kazemi framme ved grensefjellet.
Rundt nitida på kvelden er det mørkt nok og flyktningane blir skyssa nærmare grensa.
Då er det ingen veg tilbake.
Det er aldri eit alternativ å snu.
Det einaste du kan gjere er å springe for livet og håpe på at du når toppen.
Minnet som aldri slepp taket
– I det vi kjem fram, nærmar oss fjellet, så ser vi raudlys og at det er kontroll der.
Ifølgje Kazemi er det både vaksne, familiar og barn. Smuglarane kan ikkje bli med lenger utan sjølv å risikere livet.
Det er berre ein ting å gjere. Å springe for livet.
I det dei byrjar på stigninga, kjem dei første smella frå våpena til politiet, minnast han.
– Då spring vi litt sånn til kvar vår kant. Alle har same mål, og det er opp på toppen.
Han hugsar politiet ropar på høgtalar at alle skal stoppe elles truar dei med å skyte.
– Folk berre gir faen og spring. Det er som ein film du ser på.
Kazemi har ein fordel med at han er liten og lett. I tillegg er han ganske uthalden.
«Eg høyrer familiane skrike. Det er folk som blir skotne. Du ser folk falle ned som fluger, fordi dei blir trefte av politiet.»
Sayed Kazemi
– Det er så mykje adrenalin at du har ikkje sjanse til å bli sliten. Det er ikkje noko anna eg kan tenke på akkurat då, enn å berre zoome inn, sjå rett fram og rett opp.
Kazemi og fleire av dei yngre når toppen. Likevel er panikken der. No handlar det berre om å kome seg ned på tyrkisk side.
I dag, 13 år seinare, er det eit minne som ikkje vil gi slepp frå den dramatiske flukta.
– Eg hoppar frå ein kant. Det er mørkt og eg landar mjukt. Eg ser ned. Det er ein som ligg der på magen og eg landar oppå han.
Kazemi blir tankefull og jobbar litt med å finne orda. Det er slikt ein 13-åring aldri skal oppleve.
– Det kan jo vere at han døydde for mange dagar sidan, eg veit ikkje. Men det var den tanken om å kunne redde eit liv. Det blei litt sånn plagsamt over tid. Det kan hende at han lever i dag. Men det er den tanken då, ikkje sant?
Tanken om at han aldri fekk vite. For han måtte springe vidare for å redde sitt eige liv.
Rykte som skapar håp
På andre sida blir han tatt i mot av andre smuglarar. Han og resten av reisefølgjet blir sett i det som kan minne om eit fengsel. Igjen må han be onkelen om pengehjelp for å kome seg vidare.
Etter månader på flukt kan han endeleg setje seg på bussen mot Istanbul. Ein heilt lovleg busstur gjennom Tyrkia.
– Det er første gangen kor eg har sete på ein buss på fleire månader utan å vere nervøs.
Han får sove fleire timar samanhengande. Samtidig melder også tankane seg.
Etter månader på flukt der alt har handla om å overleve – så er det rom for å tenke litt lenger fram.
– Kor skal eg? Kor faen skal eg sove? Kva skal eg ete?
Smuglarar som vil frakte folk vidare frå Tyrkia til Hellas flokkar seg rundt dei. Kazemi får sove i eit lite rom. Der ligg dei tettpakka oppå kvarandre.
Alle saman er flyktningar. Det er møkkete og det røykast inne på rommet som han meiner er på rundt 20 kvadratmeter.
Kazemi har ikkje pengar, men i oppvasken på ein restaurant tenar han nok til å overleve.
Han veit ikkje kor lenge han er der, men han får med seg at 2014 blir til 2015.
Mellom flyktningane går rykta om at Tyskland er i ferd med å opne grensa. Kazemi har ikkje pengar til reisa over Middelhavet. Men han tilbyr å hjelpe ei einsleg mor, som reiser med to barn på ni og 11 år.
Smuglaren godtar dette.
«No har eg klart det»
2015 er året flyktningstraumen over Middelhavet i overfylte gummibåtar for alvor skaut fart.
Ifølgje offisielle tal frå UNHCR (FNs høgkommissær for flyktningar) kom over 800.000 personar til Hellas via sjøvegen frå Tyrkia det året.
Mange nådde aldri fram og blei funne døde i Middelhavet.
«No har eg klart det»
Det er tanken Kazemi får når han tar dei siste symjetaka frå gummibåten og stige i land på den greske øya Lesvos.
– Det var eigentleg det augneblinken. Ei avspenning eg har gått med i nesten eit år. Den berre slapp, viss du forstår? Det er trygt her.
Med papira i orden startar ferda mot Tyskland.
Men der aular det med asylsøkarar.
Han får råd om å reise vidare til Sverige. Før nokon han møter på vegen tipsar om Noreg.
Eit land han aldri har høyrt om.
Via transittmottak på Gardermoen blir det ein runddans i systemet frå Ottestad ved Hamar til Lillesand i sør og vidare til Gjerstad – eit stykke frå Kragerø.
Kazemi som forlèt familien i Afghanistan 13 år gamal er no blitt 15 år. For han var dette eit luksusliv.
– Vi kunne ete så mykje vi ville, drikke så mykje vi ville. Det var heilt enormt. Vi kunne gå på kjøkkenet og ete når vi ville.
På mottaket i Gjerstad blir han også presentert for ein bokseklubb i Kragerø. Det skal prege livet hans i Noreg.
Sommaren 2016 får han telefonen han i over eit år hadde venta på.
– Det var som å få ein telefon frå Norsk Tipping. Det var så stort at eg klarte nesten ikkje å sove heile natta.
Telefonen er frå UDI. Han har fått opphaldsløyve i Noreg.
– For første gang i livet har eg mogelegheita til å utvikle meg som person og til å kanskje bli ein ressurs i samfunnet.
Heilt utan talent
Og ressurs er vel nettopp eit stikkord for livet han skal skape. Den gryande interessa for boksing er det som tek han til Toten.
Raufoss bokseklubb har lange tradisjonar og dei tek den unge mannen under sine vengjer.
– Då såg vi ein veldig ivrig og livsglad gut. Reint boksemessig såg vi ein beinhaug, som prøvde å gjere så godt han kunne, men som ikkje fekk noko til å stemme. Det var jo null talent og det var null koordinasjon, fortel trenar Erik Dahlén og ler.
Men han hadde ein beinhard vilje. Og det saman med terping på teknikk og fysikk skulle ta han langt.
22 år gamal blir han første i klubben som vinn ein kongepokal.
– Ut ifrå føresetnaden, så er jo eigentleg det einaste ordet å sei; Eineståande.
Kazemi fekk stipend frå Olympiatoppen og prøvde å kvalifisere seg til OL i Paris. Sjølv om ikkje det lukkast og han siste året har slite med skade og problema med lungene, så er draumen noko han aldri gir slipp på.
I dag satsar han alt på å bli proff.
– Viss det ikkje går på kostnad av helsa, så er draumen å hente ein profftittel heim. Ein verdsmeistertittel er det absolutte ultimate. Det er veldig vanskeleg, men det er mogeleg.
Det nærmar seg 13 år sidan den ettermiddag han forlèt familien i Afghanistan. I dag er han fullt integrert på Gjøvik.
Hans yngre bror bur i Tyskland. Onkelen bur framleis i Iran. Oppveksten vil han ikkje dvele ved.
Ville gi noko tilbake til samfunnet
Kazemi har no fått seg ein norsk familie som han kallar sin eigen. Bestevenen David Synstelien, som sjølv er målvakt for Raufoss i 1. divisjon og har gjort stor suksess på TikTok, er som ein bror for han.
Dei møttest på vidaregåande. Lidenskapen for idrett knytt dei saman.
– Han er genuint glad i å gi til andre menneske. Det fyller hjartet hans å gi, dele og bidra, er det Synstelien likar best med kompisen.
Og ikkje minst «farmor». 80 år gamle Randi Mossevik Synstelien.
Det er her det blir feira jul og bursdagar. Og sjølv om «farmor» ikkje likar boksing, så er ho alltid på plass når Kazemi skal i ringen.
– Eg er interessert i han Sayed, så difor føl eg alt han gjere. Då er eg den som ropar høgst og skrik mest, seier ho smilande.
For Kazemi har det heile tida vore viktig å gje noko tilbake til samfunnet.
I dag er han ein del av eit selskap som arbeidar med alt frå integrering til å fange opp dei som har hamna utanfor.
Selskapet driv i dag eigen barnevernsinstitusjon og har oppdrag for det offentlege over heile landet.
Kazemi er på mange måtar ei historie der integreringa har lukkast. Han har sett nok av sine unge landsmenn som har enda opp som negative overskrifter.
– Det er som å spele poker. Nokon får gode kort, andre får dårlege kort. Men dei beste pokerspelarane er ikkje dei som nødvendigvis har gode kort, men dei som spelar korta sine riktig.
Tankane om kva som hadde skjedd om han hadde tatt eit anna val denne ettermiddagen for 13 år sidan må han alltid leve med.
– Eg trur eg kanskje ikkje hadde levd i dag. Den avgjersla den ettermiddagen gjorde at eg lever i dag i ein av verdas mest privilegerte samfunn.
Facts Only
* Sayed Kazemi was born in Jaghori, Gazni province, Afghanistan, in the summer of 2000.
* The Taliban took power in Afghanistan in 2010, ending Kazemi's schooling in 2013.
* Kazemi fled to Iran with his uncle.
* He traveled via Pakistan to reach Iran.
* He accompanied approximately 45 other refugees during the journey.
* During travel, refugees walked through desert areas and faced extreme temperatures.
* Kazemi was provided with extra clothing and shoes during flight.
* On the journey, he faced raids by smugglers who failed to provide food or water.
* The escape involved crossing a mountain to reach Turkey.
* He eventually received residency in Norway.
* He joined the Raufoss boxing club in Kragerø, Norway.
* He won a national boxing title at age 22.
* He received a phone from UDI granting him residence in Norway in the summer of 2016.
