– Eg forstår ikkje kvifor dei skal stille ut uniforma. Det er heilt unødvendig, seier Vanessa Svebakk Bøhn.
Ho er mora til det yngste offeret på Utøya, Sharidyn Svebakk Bøhn. I år skulle ho ha blitt 29 år.
For første gong blir den heimelaga, falske politiuniforma som Anders Behring Breivik hadde på seg under terrorangrepa på Utøya og regjeringskvartalet, stilt ut.
Uniforma er ein del av utstillingane på det nye 22. juli-senteret, som opnar om to dagar.
Senteret er eit nasjonalt minne- og læringssenter om terrorangrepet i regjeringskvartalet og på Utøya 22. juli 2011.
Saknar informasjon
I dag fekk dei pårørande og etterlatne sjå utstillingane på senteret, før det opnar for publikum.
Svebakk Bøhn seier at dei ikkje fekk vite på førehand at uniforma skulle vere ein del av utstillinga.
Ifølge henne blei det først fortalt på orienteringsmøtet dei var på før dei skulle sjå utstillinga.
– Det tok nokre sekund før eg klarte å fordøye informasjon og reaksjonen kom ganske sterkt.
– Korleis reagerte du?
– Sinne først. Eg ville prøve å forstå, så eg rekte opp handa og stilte spørsmål om kva som var vurderinga.
Svebakk Bøhn var til stades saman med ei av døtrene sine. Begge to drog frå 22. juli-senteret utan å sjå utstillinga.
Meiner informasjonen var god
Merete Stamneshagen, styreleiar for Den nasjonale støttegruppa etter 22. juli, meiner informasjonen om utstillinga har vore god.
– Det vil alltid vere individuelt kva ein har behov for. Ein må anerkjenne følelsane som folk har, men eg meiner at informasjonen vi fekk i dag var veldig god.
Ho seier at støttegruppa har hatt eit tett samarbeid med senteret.
– Vi har vore med og sett og godkjent det som skulle stillast ut i senteret.
– Fortalde de det til medlemmane dykkar også?
– Dei fekk veldig god informasjon i dag då dei kom. Då blei dei tatt med til eit eige rom, der dei blei introduserte for det som kunne vere veldig sterkt å møte på 22. juli-senteret.
– Tar med oss som eit innspel
Direktør for 22. juli-senteret, Lena Fahre, seier at det har vore viktig at dei etterlatne og involverte fekk komme å sjå utstillinga først.
Slik kunne også senteret gi heile konteksten til kvifor dei har tatt dei vala dei har gjort.
– Det er vondt å sjå at nokon får reaksjonar og vi ønsker god dialog med etterlatne og involverte. Men personleg så står eg støtt i dei faglege vurderingane vi har gjort.
Ho seier at uniforma er med å fortelje historia om det som skjedde på Utøya.
– Kor mykje og kor lite ein skal kommunisere og informere om i forkant, det tar vi med oss som eit innspel. Men vi har hatt tett dialog med støttegruppa sitt styre, og funne ut at dette var ein god måte å gjere det på.
Også Svebakk Bøhn er einig i at politiuniforma bør stillast ut, men om ho hadde visst at den var stilt ut allereie no, hadde ho ikkje komme i dag.
– Då hadde eg valt eit anna tidspunkt kor eg var klar, men desse dagane med 22. juli berre to dagar unna, er tunge.
Sentinel — Human
The text appears to be human-written journalistic content characterized by embedded personal testimony and structured quotes regarding a sensitive public event and institutional response.
